Kjøkken | Kitchen

Nystrøken skjorte inspirerte til litt bilder frå kjøkkenet i dag 😉 Eg synes kanskje at desse bilda har blitt viste før, men det er no ein gong slik det ser ut på kjøkkenet. Og eg bytter ikkje ut ting i rasande fart, her har det med å stoppe opp når eg finn ting eg likar. Eg har ein lidenskap for kvite flater og trefarga ting, og min siste “big love” er grøne planter. Og den tendensen varer nok både vår og sommar igjennom? Når livet har blitt så fullt av andre aktivitetar enn hus og interiør, kjem hobbyen i bakgrunnen. Det er også ei utfordring å ta bilder på fritida, når ein gjer det i jobbsamanheng ellers. Men eg ser at det held på å gå seg til? Klart eg har lyst å pusse opp, eller ommøblere, men eg prioriterer ikkje slike ting no. Pengar, tid og energi blir lagt ned i ting som eg ikkje har klart å gjere på årevis. Så bilda mine blir ikkje så spennande innhaldsmessig, viss du har lest bloggen min ei stund. Men eg håper likevel dei kan inspirere? Her er veldig grått i dag, regnet plaskar ned, så eg har tent lys på kjøkkenbordet, og sett på musikk som minner om late sommardagar… Eg er god på å drøyme, you know! 😉 Elin